Italia startar gjenopninga 26. april

Italia vil byrje å lempe på koronatiltaka 26. april, fire dagar tidlegare enn planlagt, opplyser statsminister Mario Draghi.
utenriks

– Med denne avgjerda har regjeringa med vilje teke ein risiko basert på betra data, seier Draghi og legg til at koronautbrotet i Italia framleis er alvorleg.

Regjeringa vil starte med å opne opp for utandørs aktivitetar. Til dømes kan restaurantar i område med moderat smittenivå gjenopne for utandørs servering. Men portforbodet består, og i område med høgt smittenivå, blir ikkje tiltaka endra.

Smittetala er falle jamt i Italia, men dei er framleis høge. Torsdag registrerte styresmaktene 17.000 nye koronatilfelle blant dei 60 millionane innbyggjarar i landet. Same døgn vart det rapportert om 380 koronadødsfall.

(©NPK)