Tre demonstrantar skal vere drepne i Irak

Tre demonstrantar er skotne og drepne under samanstøyt med tryggingsstyrkar i byen Nasiriyah sør i landet, ifølgje medisinske kjelder.
utenriks

Medisinske kjelder opplyser til nyheitsbyrået AFP om drapa, som skjedde under regjeringskritiske protestar.

Drapa kjem etter ei valdeleg veke i Nasiriyah. Til saman har fem demonstrantar mista livet, og mange har vorte såra.

(©NPK)