EU-land legg opp til meir openheit om skatt for internasjonale selskap

Skatteopplysningar om store internasjonale selskap kan bli offentlege i EU etter at fleire medlemsland støttar ei ny lov om openheit i skattesaker.
utenriks

Med såkalla land-for-land-rapportering kan internasjonale konsern bli nøydde til å oppgi nøkkelopplysningar om eigen økonomi og skatt, inkludert der dei betaler skatt og kor mykje dei betaler i kvart land.

– Eg er glad for å kunne kunngjere at vi fekk sterk støtte frå eit stort fleirtal av medlemslanda, sa Portugals næringsminister Pedro Siza Vieira etter eit møte med EU-kollegaene sine torsdag.

EU-kommisjonen foreslo dei aktuelle reglane allereie i 2016, men diskusjonen har vore fastlåst. Tyskland har streta imot, fordi dei meiner endringa vil gi bedriftene i landet ei ulempe internasjonalt.

Med fleirtal på ministermøtet, må vedtaket formaliserast skriftleg. Deretter vil det danne grunnlag for forhandlingar mellom EUs råd, EU-parlamentet og kommisjonen.

Fleire datalekkasjar, inkludert Panama Papers og Luxleaks, har dei siste åra retta internasjonal merksemd mot korleis internasjonale konsern unngår skatt ved på opprette selskap i skatteparadis.

(©NPK)