Biden-administrasjonen skal dele ut munnbind

President Joe Bidens administrasjon vil frå neste månad dele ut 25 millionar munnbind til folk som treng dei rundt om i USA.
utenriks

– I mars månad vil vi byrje med å levere millionar av masker til matbankar og helsesenter rundt om i landet, seier Det kvite hus' koronakoordinator Jeff Zients onsdag.

– Vi vil levere over 25 millionar masker over heile landet, legg han til.

Munnbinda skal vere av tekstil og produserast i USA, i både barne- og vaksenstorleikar, skriv ABC News.

Det kvite hus anslår at munnbinda vil nå fram til opptil 15 millionar menneske.

(©NPK)