Ukraina klagar Russland inn for EMD for drap

Ukraina trekkjer Russland inn for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) med skuldingar om «målretta likvideringar», opplyser domstolen.
utenriks

Klaga vart formelt levert inn 19. februar, skriv domstolen i ei pressemelding.

– Saka gjeld påstanden frå den ukrainske regjeringa om ein russisk praksis med statsgodkjende, målretta likvideringar – på russiske territorium og i andre statar – av dei som blir rekna som motstandarar av Russland, skriv domstolen.

Russland blir skulda for å bryte med artikkel 2 i Menneskerettane om retten til liv.

Dette er den fjerde saka der Ukraina har klaga Russland inn for EMD. Domstolen seier ikkje noko om korleis Russland steller seg til den nye skuldinga.

(©NPK)