90.000 koronapasientar på sjukehus i USA

Talet covid-19-pasientar som blir behandla på sjukehus i USA har fredag nådd 90.000. Den siste månaden er talet på innlagde dobla.
utenriks

Nyheita kjem samtidig som svært mange amerikanarar samlast for å feire thanksgiving og ha ei helg med familien, noko som skaper frykt for at ein endå verre smittetopp kan vere i emning.

Talet på innlagde er det høgste sidan pandemien tok til, og på enkelte sjukehus er kapasiteten no sprengd, opplyser Reuters. Smittetala har dei siste vekene vore aukande i heile USA.

Det er totalt registrert 13,2 millionar tilfelle av covid-19 i USA, og rundt 270.000 har mista livet.

(©NPK)