Frederiksen unnskylda mink-handteringa

Danmarks statsminister Mette Frederiksen tørka vekk tårer då ho torsdag bad om unnskyldning for handteringa av krisa knytt til koronasmitta mink.
utenriks

Funnet av ein mutert variant av koronaviruset hos dyra førte til at den danske regjeringa gjekk inn for nedslakting av millionar av mink.

Frederiksen besøkte torsdag ein minkfarm i Kolding som måtte avlive dyr som var friske. I etterkant har det vorte klart at regjeringa ikkje hadde juridisk heimel til å krevje nedslakting.

– Eg har ingen problem med å beklage det som har skjedd, for det har vorte gjort feil, sa ein prega Frederiksen til dansk TV 2. Ho la vekt på at oppdrettarane ikkje hadde noka skuld i saka.

Meir enn 15 millionar dyr er slakta på grunn av virusfunnet. Den danske regjeringa frykta at framtidige vaksinar kunne miste effektivitet viss det muterte viruset spreidde seg.


(©NPK)