Biden vil ikkje kunngjere visepresidentkandidaten sin denne veka

Demokratanes presidentkandidat Joe Biden vil ikkje offentleggjere kven som blir visepresidentkandidaten hans denne veka, opplyser valkampstaben hans.
utenriks

Det er knytt stor spenning til kven Biden vil plukke ut, og avgjerda blir anteke å ha spesielt stor betydning i valet i år. Ei offentleggjering var venta denne veka, men ein medlem av Bidens team seier no til AFP at det ikkje vil skje.

Biden må velje visepresidentkandidat før Demokratanes landsmøte 17. august.

Den tidlegare visepresidenten har sagt at visepresidentkandidaten blir ei kvinne, og ei rekkje moglege kandidatar har vorte nemnt, blant dei senator Kamala Harris frå California.

(©NPK)