Beirut-eksplosjon skal ha vorte forårsaka av ammoniumnitrat

Dei kraftige eksplosjonane i Beirut tysdag skal ha vorte forårsaka av ein brann i eit gammalt lager med ammoniumnitrat.
utenriks

Kona til ein høgtståande libanesisk tenestemann opplyser at lagerbygningen som gjekk i lufta inneheldt store mengder ammoniumnitrat som vart berga frå eit skip som sokk for rundt tolv år sidan, tvitrar BBC-produsenten Riam Dalati.

Ammoniumnitrat blir brukt i kunstgjødsel og som ingrediens i sprengstoff og er svært ustabilt i høge temperaturar og dersom det blir fuktig.

Det skal i lengre tid ha vore stor bekymring knytt til lageret i hamneområdet i Beirut.

(©NPK)