Brann i sentrum av København

Det har brote ut ein brann i taket på ein bygning ved sida av hotellet Wakeup i nærleiken av Kongens Have i København.
utenriks

Det er uklart om nokre personar er skadde.

– Vi har akkurat komne fram til staden, seier Henrik Stormer ved operasjonssentralen til politiet like etter klokka 11 onsdag.

Det er ikkje sjølve hotellet som brenn, men ein nabobygning, opplyser brannvesenet.

– Det er omfattande røykutvikling og sløkkearbeid med stigar og røykdykkarar er sett i verk, opplyser Hovedstadens Beredskab på Twitter.

Flammar og ei tjukk, svart røyksøyle stig opp frå staden.

(©NPK)