Over 10.000 nye smittetilfelle i Sør-Afrika

Sør-Afrika melder om 10.853 nye tilfelle av koronasmitte det siste døgnet, ein ny dagleg rekord for landet.
utenriks

Auken laurdag fører det samla smittetalet opp i 187.977, melder helsestyresmaktene i landet.

Dødstalet stig til 3.026 etter at det vart meldt om 74 dødsfall som følgje av koronaviruset.

Helsestyresmaktene har venta ein auke fordi landet gradvis har opna opp igjen etter at strenge restriksjonar vart innførte 27. mars.

Sør-Afrikas økonomi blir spådd ein nedgang på 7 prosent i år.

– Vi prøver å finne ein balanse mellom å redde liv og sørgje for at folk har noko å leve av. Det er ein delikat balanse, sa president Cyril Ramaphosa fredag.

(©NPK)