Ingen munnbind under 4. juli-feiring i Brasil

Brasils president stilte utan munnbind då han laurdag feira USAs nasjonaldag. Dagen før la han ned veto mot obligatorisk munnbind på private samkommer.
utenriks

Verken president Jair Bolsonaro eller nokon av dei andre festdeltakarane hadde på seg munnbind under feiringa i Brasils hovudstad Brasilia.

Presidenten delte òg bilete av seg sjølv og fleire andre på sosiale medium. Blant dei var fire ministrar, fleire rådgivarar og USAs ambassadør Todd Champman.

Helseekspertar tilrår sosial distanse og munnbind når dette ikkje er mogleg for å unngå koronasmitte.

Fredag la Bolsonaro ned veto mot ei ny lov som ville medført påbod om munnbind i kyrkjer, på skular, i butikkar, fabrikkar og private samkommer.

Han har likevel gitt grønt lys for obligatorisk bruk av munnbind ute på gata og på kollektivtransport.

Brasil er svært hardt ramma av koronapandemien. Nærare 65.000 menneske var søndag registrert døde etter å ha vorte smitta av viruset, ifølgje Worldometers. Berre i USA er det registrerte fleire døde.

(©NPK)