Polen: Høgreorientert regjeringsparti kan miste det reine fleirtalet sitt

Regjeringspartet PiS kan slett ikkje vere sikker på å behalde fleirtalet sitt i den polske nasjonalforsamlinga i valet på søndag, viser meiningsmålingane.
utenriks

Sidan 2015 har Lov- og rettferdspartiet (PiS) styrt Polen under leiing av tidlegare statsminister Jaroslaw Kaczynski. Før valet har partiet drive valkamp med ei blanding av hemningslause pengeløfte og grovkorna nasjonalistisk retorikk.

Målgruppa er først og fremst veljarar på landsbygda, der appellar basert på tradisjonelle verdiar som familie, kyrkje og fedreland blir sukra med lovnader om nye pengoverføringar og auka minstelønn. Her går regjeringspartiet og den katolske kyrkja hand i hand.

Mange observatørar ser for seg nye konfrontasjonar med EU og det vestlege Europa dersom PiS får halde fram. Men partiet flyt på ein solid økonomi, låg arbeidsløyse og stor arbeidsinnvandring, mange frå Ukraina. Dei fyller hola etter dei som drog vestover etter at Polen vart medlem av EU i 2004.

Svært jamt

Fredag viste ei siste meiningsmåling før valet at PiS ligg an til å få 41,7 prosent av stemmene, berre 0,3 prosentpoeng meir enn dei tre opposisjonspartia som har danna ein allianse for å slå PiS.

Målinga frå Ibris-instituttet er publisert i den polske avisa Rzeczpospolita.

Den viser òg at Borgarplattforma ligg an til å få 22 prosent, Venstrealliansen 13,4 prosent og Den polske koalisjonen, er mellom anna Det polske folkepartiet er med, 6 prosent. Det gir til saman 41,4 prosents oppslutning.

Med så liten avstand kan det like gjerne bli opposisjonen som blir størst, i alle fall viss valdeltakinga er høg.

Undersøkinga viser òg at 11,5 prosent av dei spurde framleis ikkje har bestemt seg.

Ei anna måling utført av Kantar-instituttet viste torsdag at PiS ligg an til ei oppslutning på 40 prosent, og at opposisjonen kan få så mykje som 45 prosent av stemmene.

Splittande

Kaczynski blir rekna som den eigentlege leiaren i Polen, sjølv om det finst ein statsminister i namnet, vel å merke frå hans eige parti. Den tidlegare statsministeren har køyrt ein sterkt splittande kampanje med brodd mot vestlege verdiar, slik dei står fram i EU, og mot seksuelle minoritetar.

På den motsette sida av spekteret har Borgarplattforma (KO) mobilisert blant byveljarar som er opprørte over dei konfliktskapande utspela frå Kaczynski og rettsreformene hans, som truar med å undergrave den uavhengige stillinga til dommarane og legge rettsvesenet under politisk kontroll. Denne rørsla blir støtta av Kaczynsiks erkerival, avtroppande rådspresident i EU, Donald Tusk.

KO tar avstand frå dei tette banda regjeringspartiet har til kyrkja og den intolerante politikken innanfor familie og samliv. Men også KO har gitt sjenerøse løfte om ein ny økonomisk kvardag for det polske folket.

Etter ein pause på fire år synest dei venstreorienterte partia å komme tilbake til nasjonalforsamlinga i fullt monn. To mindre grupperingar kan òg vinne plassar, ein av dei på ytste høgrefløya.

Delt på midten

– Veljarmassen er delt i to, temmeleg på midten. Rundt 45 prosent vil stemme for det sitjande regjeringspartiet PiS, medan sentrums-venstre-opposisjonen ligg på same nivået. Det er valdeltakinga som avgjer om PiS vil styre åleine, bygge ein koalisjon eller rett og slett gi frå seg makta, seier valforskar Anna Materska-Sosnowska ved universitetet i Warszawa.

PiS har vakse på ei bølgje av populistisk misnøye med liberale elitar i byane, eit fenomen som breier seg over heile Europa og i USA. Sjenerøse velferdsprogram prøver å appellere til polakkar som synest dei har stått utanfor den eksplosive veksten i Polen etter at kommunismen fall i 1989.

KO har valt den 62 år gamle nestleiaren i nasjonalforsamlinga som sin kandidat til statsministerjobben. Malgorzata Kidawa-Blonska prøver å danne eit klart alternativ til PiS.

– La oss rydde opp i politikken, fri Polen for hat, hykleri og politisk forgifting, sa ho på eit valmøte i Warszawa tidlegare i veka. KO vil trekke tilbake kontroversielle lovforslag og normalisere forholdet til EU.

(©NPK)