Demonstrasjon mot Yara i Hamburg

Demonstrantar blokkerte måndag formiddag innkøyringa til Yaras kunstgjødselfabrikk utanfor Hamburg. Yara kallar dei uttalte motstandarar av moderne landbruk.
utenriks

Gruppa Free the soil står bak demonstrasjonen mot fabrikken i Brunsbüttel.

– Vi må avdekke og stanse den destruktive praksisen i industrielt landbruk og hos selskapa som profitterer på det, skriv gruppa på nettsida si, ifølgje avisa Abendblatt.

Aktivistane skriv på Twitter at dei har som mål å stenge fabrikken måndag. Dei har blinka ut landbruksindustrien og kunstgjødsel som ein klimaversting, skriv nyheitsbyrået DPA.

Det var venta at nokre hundre demonstrantar ville delta i sivil ulydnad utanfor Yaras anlegg. Det har førebels ikkje komme noko anslag over kor mange som faktisk deltok.

Politiet hadde møtt mannsterke opp og skal ha hatt rundt 500 personar klare til innsats.

– Demonstrasjonen har vore varsla i lang tid, og vi har gjort nødvendige førebuingar. Transportaktivitetar ut og inn av fabrikken har vorte sett på pause for å ta vare på sikkerheita til tilsette og demonstrantar, seier kommunikasjonsdirektør Kristin Nordal i Yara til NTB.

Sjølv om hovudporten var blokkert, gjekk produksjonen ved fabrikken ifølgje henne som vanleg.

– Yara respekterer at det er ulike syn på kva som skal til for å mette ei veksande global befolkning. Demonstrantane er uttalte motstandarar av eit moderne landbruk, seier Nordal.

– Yara har hatt fokus på å utvikle produkt og løysingar som bidrar til å redusere klimapåverknaden av landbruket i mange år, og dette arbeidet er no sentralt i alt vi gjer, legg ho til.


(©NPK)