Hamilton hardt ut mot Saudi-Arabias homolover: – Skremmande

Formel 1-stjerna Lewis Hamilton er ikkje komfortabel i Saudi-Arabia før den nest siste VM-runden. Årsaka er mellom anna lovene i landet mot homofili.
sport

Ei rekkje menneskerettsorganisasjonar, blant dei Human Rights Watch (HRW), har publisert pressemeldingar retta mot Formel 1. Der blir sporten skulda for å vere medskyldig i såkalla sportsvasking ved å gjennomføre konkurransar i landet.

Den største stjerna i sporten har snakka ut om menneskerettssituasjonen i landet tidlegare, og no har han gjort det igjen.

– Om eg kjenner meg komfortabel her? Det vil eg ikkje seie, seier han, ifølgje The Guardian.

– Det er ikkje mitt val å vere her. Sporten har teke det valet, legg han til.

Hamilton kallar lovene for «skremmande» og oppmodar Formel 1 til å ta opp menneskerettsutfordringar i landa som motorsportsirkuset reiser til.

I Saudi-Arabia kan ein bli straffa med fengsel eller pisking om ein er i eit forhold med ein med same kjønn. Styresmaktene i landet er òg skulda for å undertrykkje dissidentar og kritikarar i tillegg til LHBTQ-personar.

I fjor inngjekk Formel 1 ein lukrativ avtale med Saudi-Arabia som ifølgje fleire medium er verd over 450 millionar kroner. Den inneber at det vil bli halde VM-løp i landet éin gong årleg dei kommande ti åra.


(©NPK)