Noregs fotballherrar opp to hakk på Fifa-rankinga

Ståle Solbakkens menn held fram med å klatre på verdsrangeringa frå Fifa. Fotballandslaget er nummer 37 på oktober-oversikta.
sport

Det er to plassar betre enn sist. Førre månad var Noreg inne i topp 40 for første gong på snautt seks år.

Solbakkens lag er utan tap så langt i haust. Siste tap kom i ein treningskamp mot Hellas spelt i spanske Malaga i juni. I oktober greidde Noreg eit sterkt 1-1-resultat borte mot Tyrkia og vann nokre dagar seinare 2-0 heime mot Montenegro.

I begge kampane måtte Solbakken klare seg utan fleire nøkkelspelarar, blant dei stjernespissen Erling Braut Haaland. Blir det norsk siger mot Latvia på Ullevaal stadion 13. november, blir det ein rein gruppefinale borte mot Nederland i VM-kvalifiseringa.

Belgia toppar framleis Fifa-rankinga føre Brasil, men Frankrike har sidan sist jekka seg opp til 3.-plassen. «Les Bleus» vann nyleg finalen i nasjonsligaen. Regjerande europameister Italia klatrar éi plassering og er nummer fire, medan England fell to hakk og er femmarlaget på lista.

I Norden er VM-klare Danmark best plassert. Dei raudkledde har òg denne gongen 10.-plassen.

Topp ti og utvalde nasjonar (siste plassering i parentes):

1) Belgia (1), 2) Brasil (2), 3) Frankrike (4), 4) Italia (5), 5) England (3), 6) Argentina (6), 7) Spania (8), 8) Portugal (7), 9) Mexico (9), 10) Danmark (10).

Andre nordiske: 17) Sverige (18), 37) Noreg (39), 60) Finland (55), 62) Island (60), 116) Færøyane (114).

Noregs VM-kvalifiseringsgruppe: 11) Nederland (11), 39) Tyrkia (41), 73) Montenegro (71), 136) Latvia (135), 198) Gibraltar (197).

(©NPK)