Maren Lundby veit ikkje kvifor ho gjekk opp i vekt

Sjølv om OL ryk for Noregs topphoppar, lukkar ikkje Maren Lundby døra heilt igjen for deltaking i verdscupen i vinter, skriv Dagbladet.
sport

Totningen fortalde kjensleladd til NRK for to veker sidan at ho ikkje kjem til å delta i OL på grunn av problem med vekta. Framleis veit ho ikkje kvifor problema oppstod etter VM i Oberstdorf sist vinter.

– Kroppen responderte heilt annleis enn det han hadde gjort før. Eg skjønte ikkje kvifor eg gjekk opp i vekt, seier ho til Dagbladet.

Ho fortel om «gradvis prosess».

– Det eg har fått høyre, er at det er vanleg innanfor såkalla vektidrettar. Eg er ikkje åleine om å oppleve dette. Det i seg sjølv er ein tryggleik for meg. Medisinen for å behandle det, er å bruke tid, ikkje stresse – og la kroppen ordne opp sjølv.

Førre helg måtte Lundby òg gi seg i «Skal vi danse», etter å ha opplevd problem i foten.

Ho vil ikkje heilt avvise at ho blir å sjå i konkurransar i vinter.

– Det er dumt å lukke døra heilt viss kroppen plutseleg skulle byrje å respondere, seier ho.

(©NPK)