Håre og Pedersen klare for SGP-renn

Anders Håre og Robin Pedersen, som er norske deltakarar i helgas Sommer Grand Prix-renn i hopp i Austerrike, tok seg greitt gjennom kvalifiseringa fredag.
sport

Håre vart nummer 31 etter eit hopp på 80,5 meter, medan Pedersen vart nummer 33 etter å ha landa på 81,5. Dei var høvesvis 21,5 og 21,7 poeng bak kvalifiseringsvinnar Ryoyu Kobayashi frå Japan.

Kobayashi hoppa 90,5 meter i HS90-bakken i Hinzenbach. Han var den einaste som fekk sjå 90-talet. Anze Lanisek frå Slovenia og Karl Geiger frå Tyskland følgde på dei neste plassane.

Rennet på laurdag er det nest siste i Sommer Grand Prix, som blir avslutta neste helg i Klingenthal.

(©NPK)