Hellas protesterer mot Nord-Makedonias EM-drakter

Drakter med påstått politisk bodskap held fram å skape bølgjer i fotball-EM. No har Hellas formelt protestert mot initialane FFM på drakta til Nord-Makedonia.
sport

FFM står for Makedonias fotballforbund, etter det som var ei omstridd nasjonsnemning inntil ein avtale i 2018 løyste ein langvarig diplomatisk tvist mellom dei to landa. Det innebar at landet skifta namn til Nord-Makedonia.

Makedonia er òg namn på ein region i Hellas, noko som gjorde bruken av det same namnet på ein nasjonalstat betent. Lenge gjekk landet under «Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia» (FYROM).

Nord-Makedonia deltek i det første store fotballsluttspelet sitt, og greske styresmakter studerte nøye trøyene som vart nytta i 1-3-tapet mot Austerrike. I helga sende Nikos Dendias, utanriksminister i Hellas, brev til den nordmakedonske kollegaen sin Bujar Osmani med beskjed om at initialane FFM er «uakseptable».

Han bad om at bokstavane blir endra «for å halde ved like positiv dynamikk» i forholdet mellom landa.

Osmani kontra med at avtalen om å avstå frå bruk av namnet Makedonia berre gjeld statleg finansierte institusjonar.

– Så lenge FFM ikkje får statleg støtte, er det ikkje forplikta til å endre namn, sa Osmani.

Tidlegare i EM protesterte Russland til Uefa mot Ukrainas drakter, på grunn av at dei inneheld eit omriss av Ukrainas grenser inkludert Krim, og på grunn av eit omstridd slagord. Som eit kompromiss vart slagordet endra.

(©NPK)