Cristiano Ronaldo-dobbel då Portugal vann 3–0 – vart tidenes mestskårande i EM

Cristiano Ronaldo (36) skåra to gonger mot Ungarn i 3-0-sigeren i opningskampen og vart toppskårar i EM-samanheng tysdag.
sport

Før kampen tysdag delte han rekorden med Michel Platini, som skåra alle dei ni måla sine i EM i 1984.

På tampen av kampen mot Ungarn netta han to gonger og auka talet sitt til elleve.

Tre minutt før slutt fekk Ronaldo moglegheita frå straffemerket då Rafa Silva vart riven ned. Ronaldo skåra sikkert. Etter flott spel på overtid lurte han målvakt og trilla inn sitt andre. Raphaël Guerreiro skåra Portugals første mål.

Då kampen starta, vart Ronaldo òg den første til å spele i fem EM-sluttspel. Før meisterskapen var den meritterte 36-åringen òg den einaste til å ha skåra i fire EM-sluttspel.

I første omgang hadde han ein eventyrleg sjanse til å skåre, men avslutninga hans frå fem meter gjekk over og utanfor.

Dei to første måla hans kom i 2004. I neste EM (2008) vart det éi skåring før han skåra tre mål kvar i 2012 og 2016. I EM i 2016 i Frankrike vann Portugal meisterskapen.

Kampen er den første i EM med fullsett tribune. 60.000 tilskodarar skapte eit lydnivå som ikkje er høyrt på eit fotballstadion på lang, lang tid.

(©NPK)