Tobias Halland Johannessen imponerer stadig i «Baby-Giroen»

Tobias Halland Johannessen held fram med å imponere i Giro d'Italia for U23-ryttarar. Fredag vart det tredjeplass, og andreplass samanlagt før sisteetappen.
sport

Nordmannen, som syklar for utviklingslaget til Uno-X, utfordra samanlagtleiar Juan Ayuso, men det 18 år gamle spanske stjerneskotet svarte og kneip andreplassen på den 167,1 kilometer lange etappen frå Cavalese til Nevegal.

Sveitsaren Yannis Voisard vann den tøffe fjelletappen, to sekund føre Ayuso og Johannessen.

Johannessen tok den tredje topp-tre-plasseringa si etter andreplass på både den femte og den sjette etappen. Onsdag viste han styrke i fjella med femteplass på kongeetappen til rittet. Torsdag tok tvillingbror Anders Halland Johannessen elles andreplassen på den åttande etappen, og han ligg an til topp-ti-plassering samanlagt.

Giro d'Italia for U23-ryttarar, populært kalla «Baby-Giro», blir avslutta laurdag med ein 162,7 kilometer lang og for det meste flat etappe frå San Vito al Tagliamento til Castelfranco Veneto.

(©NPK)