Solberg vart høvesvis nummer ti og fire på dei to prøvene på fredag i Rovaniemi. 19-åringen starta VM-runden på morgonen med sjette raskaste tid i den såkalla «shake down»-løypa.
Totalt er han 45,9 sekund bak den leiande Estland-stjerna Ott Tänak i samandraget. Laurdag ventar seks nye fartsprøver, medan dei to siste prøvene til snørallyet blir køyrde søndag.
Solberg fekk ei trøblete opptakt til VM-debuten på WRC-nivå. Tidlegare i veka testa den faste kartlesaren hans Aaron Johnston positivt for korona. På kort varsel kom Sebastian Marshall inn som erstattar.
Føre sesongstarten fekk Solberg ein toårskontrakt med Hyundai-teamet. Fredag debuterte han i elite-VM fem år tidlegare enn det faren hans, Petter Solberg, gjorde i si tid. I 2003 vart faren verdsmeister.
Solberg junior har tidlegare køyrt i ein mindre klasse. Han køyrer elles på svensk lisens.
Løpet i Finland er andre VM-runden i sesongen av tolv.
(©NPK)