Tysk trenarhelt krev ny EM-utsetjing

Den tyske EM-gulltrenaren frå 1996, Berti Vogts, meiner Det europeiske fotballforbundet (Uefa) bør utsetje årets meisterskap til desember.
sport

Fotball-EM er utsett i eit år som følgje av pandemien og skal spelast i tolv ulike land i juni og juli. Vogts meiner dagens koronasituasjon gjer at det ikkje er forsvarleg.

– Som tidlegare landslagstrenar vender eg meg no til Uefa: Utsett EM. Reager no, elles blir det for seint, seier 74-åringen til den tyske nettstaden t-online.

Han meiner at EM tidlegast bør starte i midten av desember, og at det helst bør arrangerast i berre eitt land.

– Forhåpentleg vil nok menneske vere vaksinerte då til at ein kan sleppe publikum inn på arenaene. Og det bør helst blir halde i eit land som har virussituasjonen er under kontroll, seier Vogts.

Han får støtte av Eintracht Frankfurt-direktør Fredi Bobic, som spelte på Vogts EM-gullag i 1996.

– Det er ein illusjon at EM skal haldast i tolv ulike land i juni 2021. Det ville òg vore heilt feil signal å sende midt i pandemien, seier Bobic.

(©NPK)