«Litj-Brattbakk» klar for Ranheim

Rosenborg-vingen Filip Brattbakk blir leigd ut til Ranheim i 2021-sesongen.
sport

Det opplyser Ranheim på nettstaden sin.

Brattbakk er son av Rosenborgs mangeårige storskårar Harald Martin Brattbakk. Han debuterte i eliteserien for RBK i fjor, men var lånt ut til Raufoss i haustsesongen.

Med underskrifta for Ranheim held han altså fram karrieren i 1. divisjon.

– Eg ser fram til å bli ein del av Ranheim. Det er ein topp Obos-ligaklubb på høgt nivå der eg kan utvikle meg vidare. Det blir trass alt eit steg opp frå i haust, seier 20-åringen.

Ranheim enda på 4.-plass i 1. divisjon sist sesong og rauk seinare ut av eliteseriekvalifiseringa mot Sogndal.

(©NPK)