Wigan-anke avslått, nedrykket stadfesta

Den engelske fotballklubben Wigan må belage seg på spel på nivå tre etter at anken mot poengstraffa for å setjast under administrasjon vart avvist.
sport

Wigan ville på dei sportslege resultata sine ha berga plassen i meisterskapsserien med klar margin, men klubben vart idømd 12 minuspoeng etter å ha vorte sett under administrasjon i byrjinga av juni då dei nye eigarane frå Hongkong medgav at dei ikkje greidde å overhalde dei økonomiske forpliktingane til klubben.

Utan straffa ville Wigan enda på 13.-plass, men med straffa hamna klubben nest sist og rykkjer ned i League One.

– Vi leverte ein velbegrunna anke, og sjølvsagt er vi skuffa over avgjerda. Klubbleiinga vil no førebu laget til spel i League One, heiter det i ei fråsegn på Wigans nettstad.

– Det uavhengige disiplinærorganets avgjerd er endeleg og juridisk bindande, seier English Football League i ein kommentar og seier at ein vil gjere det ein kan for å hjelpe Wigan å overleve den økonomiske krisa.

Wigan hadde den imponerande rekkja 8-6-1 på sine siste 15 kampar. Med siger over Fulham i siste runde ville laga berga plassen trass poengstraffa, men Wigan vart halden til 1–1.

(©NPK)