Premier Leagues europacupdeltakarar får utsett sesongstart

Engelske fotballklubbar som når langt i utslagsrundane til europacupane får utsett starten sin på den nye Premier League-sesongen, har ligaen bestemt.
sport

Det melder BBC tysdag. Detaljane er ikkje klare, men det skal vere semje om at alle klubbar skal få ein pause av ei viss varigheit mellom ein sesong og den neste. Truleg blir denne på rundt 30 dagar, og det betyr at klubbar som når kvartfinale i Meisterligaen eller Europaligaen får utsett seriestart.

Premier League skal sparkast i gang helga 12.–13. september.

Manchester City og Chelsea heng med i Meisterligaen, Manchester United og Wolverhampton i Europaligaen. Alle er i åttedelsfinale.

Chelsea-manager Frank Lampard og United-manager Ole Gunnar Solskjær har begge teke til orde for utsett sesongstart for europacupdeltakarar.

Om det blir 30 dagars pause, vil engelske lag som tek seg til finale i meisterliga eller europaliga stå over dei to første helgane av sesongen. Det er uklart kva som skjer med engelske lag som blir slått ut i åttedelsfinalen, noko Chelsea må rekne med etter 0–3 før bortekampen mot Bayern München.

– Forhåpentleg får vi litt hjelp dersom vi går heile vegen, sa Solskjær tysdag.

(©NPK)