Bournemouth-spelar testa positivt på koronaviruset

Premier League-klubben Bournemouth stadfestar at ein spelar har fått påvist koronaviruset.
sport

Klubben opplyser at identiteten til spelaren ikkje blir offentleggjord og ber om respekt for det.

Joshua King speler for klubben. Nordmannen slit med astma og reiste heim til Noreg då ligaen vart utsett på ubestemt tid.

Laurdag kveld kom nyheita om at to personar i ulike Premier League-klubbar har testa positivt. Ligaen testa 996 spelarar og andre tilsette på tysdag, torsdag og fredag. Dei som testa positivt, vil bli isolerte i ei veke.

I første runde med testar vart 748 personar testa. Då var det seks positive prøvar fordelte på tre klubbar. Watford-forsvarar Adrian Mariappa og to klubbtilsette, og dessutan Burnleys assisterande manager Ian Woan, var blant dei smitta.

(©NPK)