Warholm vann 400-meter i eige stemne

På 24-årsdagen vann Karsten Warholm 400-meter flatt i sitt eige internasjonale friidrettsstemne i Ulsteinvik, føre tredobbelt verdsmeister Pavel Maslak.
sport

Tsjekkaren Maslak har vunne distansen i dei tre siste innandørs-VM-a, men han såg berre ryggen til Warholm på 400-meteren i Karsten Warholm International. Nordmannen leidde heile vegen og storma inn til vinnartida 45,97.

Maslak måtte nøye seg med andreplass på tida 46,47.

Mia Guldteig Lien noterte norsk årsbeste i lengde med 6,23. Ho er med det på delt førsteplass blant U18-utøvarar i Europa i år. Ho måtte nøye seg med andreplass sidan ungararen Petra Farkas noterte 6,23 to gonger. Liens nest beste hopp målte 6,20.

Hedda Hynne vann 800-meteren for kvinner med tida 2.03,53.

(©NPK)