Casper Ruud til semifinale i Santiago

Casper Ruud er vidare til semifinale i ATP-turneringa i Chiles hovudstad Santiago etter å ha slått argentinaren Federico Delbonis i kvartfinalen.
sport

Etter ein jamspelt match i sterk sol i Santiago var det Casper Ruud som trekte det lengste strået i kvartfinalen. Ruud vann med settsiffera 7–5, 7–5.

Ruud og Delbonis hadde møttest to gonger tidlegare, med éin siger til kvar.

I det første settet var det òg jamt lenge. Ruud verka litt ukonsentrert og gjorde fleire upressa feil. I tillegg serva Delbonis godt og smart. På 4–4 var Ruud nær ved å få serven brote, men kjempa seg tilbake og drog i land servegamet.

På 6–5 spelte Ruud seg fram til tre settballar i serven til motstandaren, den tredje etter ein litt heldig sprett der ballen trefte nettet, men hamna så vidt på rett side. Ruud nytta høvet til å sikre seg settet med 7–5.

Etter å ha fått det første settet i boks, verka det som om Ruud spelte med større sjølvtillit. Nordmannen leverte betre tennis og serva sikrare. Delbonis brukte dessutan for lang tid på serven ved to høve og mista førsteserven på stillinga 0–30 i det fjerde gamet.

Ruud nytta dermed sjansen til å bryte serven til argentinaren og gå opp til 3–1 etter eit flott backhandslag.

Delbonis klarte likevel med ein gong å bryte tilbake og kjempa seg tilbake i kampen. Midtvegs i settet stod matchen og vippa. Delbonis klarte å få til eit nytt brot, gjekk opp til 5–4 og tok dermed tilbake initiativet.

Rett etterpå gjorde argentinaren likevel ein dobbeltfeil, og Ruud braut tilbake.

Casper Ruud gjekk deretter opp til 6–5, og Delbonis måtte dermed serve for å halde seg inne i kampen. Etter ei lang ballveksling til fordel for nordmannen, var det klart for matchball.

Den klarte Ruud å vinne, og dermed er det klart for semifinale for Snarøya-spelaren.

Ruud er andre-seeda i turneringa. Heimefavoritten Christian Garín er seeda som nummer éin. Det var nettopp Garín som slo Ruud i finalen i ATP-turneringa i Houston i 2019.

(©NPK)