Sinte smørjarar i Åre: – Blir behandla som skit

Skismørjarar frå fleire forbund har reagert kraftig på grunn av det dei meiner er uakseptable arbeidstilhøve i Åre.
sport

Det er avisa Aftonbladet som omtalte saka først. – Dette miljøet er ikkje bra for helsa vår, seier Martin Blaschke til avisa.

Han jobbar for det tsjekkiske laget som deltar i langrennstouren i Sverige. Han blir med til Noreg om få dagar.

– Ein behandlar dei som skal jobbe her som skit. Det er farleg for smørjarane berre å vere her inne. Vi har sett undersøkingane om fluorverdiane som er funnen hos skismørjarar. Dette er noko dei har byrja å tenkje på, seier italienaren Fabio Ghisafi til Aftonbladet.

I lokalet skal 17 mann jobbe, og det er elendig ventilasjon, lågt under taket og ingen vindauge i garasjen som er sett av for mange smørjarar.

Dei store langrennsnasjonane, mellom anna Noreg og Sverige, har eigne smørjebussar inne på området i Åre.

Aftonbladet kallar reaksjonane for «eit opprør». FIS' langrennssjef Pierre Mignerey seier dette. – Eg kan forstå reaksjonane. Det første vi gjer er å montere eit ventilasjonssystem. Så tilbyr vi òg eit par andre lokale der ein kan jobbe, seier han.

(©NPK)