Pedersen tilbake i verdscupen etter kjempehelg

Landslagshoppar Robin Pedersen er tilbake når verdscupsirkuset i hopp flyttar seg til polske Zakopane komande helg.
sport

Stålkamerat-hopparen vann søndagens kontinentalcuprenn i tyske Klingenthal. Laurdag vart han nummer tre same stad.

Comebacket skjer under hoppfesten i polske Zakopane til helga.

– Det er veldig godt å vere tilbake i World Cup etter ei bra helg i kontinentalcupen, seier Pedersen.

Ranværingen lykkast ikkje i den tysk-austerrikske hoppveka og vart til slutt nummer 43 samanlagt. I etterkant prioriterte han trening på heimebane.

Til renna i Zakopane erstattar han Anders Håre.

Landslagssjef Alexander Stöckl trur på ein opptur i Polen. I rennet i helga i Titisee-Neustadt vart Johann André Forfangs fjerdeplass på laurdag høgdepunktet.

– Vi har framleis noko å gå på for å kjempe om plasseringar på pallen, men eg er trygg på at Zakopane kan gi oss eit løft, seier Stöckl.

Desse seks norske hopparane reiser til renna Polen:

Andreas Buskum (Lensbygda), Johann Forfang (Tromsø SK), Robert Johansson (Søre Ål), Marius Lindvik (Rælingen), Robin Pedersen (Stålkameratene), Daniel-André Tande (Kongsberg).

Det blir hoppa kvalifisering i Zakopane fredag, medan det er lagkonkurranse laurdag og individuelt renn søndag.

(©NPK)