Djokovic og Federer slått ut i Shanghai

Verdseinar Novak Djokovic og trear Roger Federer tapte kvar sin kvartfinale i ATP Masters-turneringa i Shanghai fredag.
sport

Begge vart slått av framstormande stjerner. Djokovic vart slått av 21 år gamle Stefanos Tsitsipas, medan Federer måtte takke for seg etter tap mot 22 år gamle Alexander Zverev.

Den sjuande-seeda grekaren Tsitsipas tapte det første settet 3–6 etter at Djokovic berre brukte sju minutt på å gå opp i 3–0-leiing. 21-åringen skjerpa seg derimot kraftig og slo tilbake ved å ta dei neste setta 7–5, 6–3.

I semifinalen på laurdag ventar den to år eldre russaren Daniil Medvedev.

Djokovic gjekk nyleg til topps i ei ATP-turnering i Japan. Djokovic var tittelforsvarar i Shanghai og har vunne turneringa fire gonger.

– Han fortente å vinne. Han var den beste spelaren i andre og tredje settet. Eg opna bra, men var ikkje skjerpa nok, sa Djokovic.

Tsitsipas har vunne to gonger over Djokovic i dei tre siste møta mellom dei to.

Seinare fredag vart òg verdstrearen Roger Federer slått ut. Han tapte 3–6, 7–6, 3–6 mot tyskaren Zverev. I det andre settet redda Federer ikkje mindre enn fem matchballar, men måtte gi tapt i det tredje settet.

I semifinalen møter Zverev, som er nummer seks på verdsrankinga, italienaren Matteo Berrettini.


(©NPK)