Rosenborg møter Linfield i meisterligakvalifiseringa

Rosenborg møter nord-irske Linfield i 1. kvalifiseringsrunde til meisterligaen i fotball.
sport

Det vart klart då kampane i dei to første kvalifiseringsrundane vart trekt i Det europeiske fotballforbundets (Uefa) hovudkvarter i Nyon tysdag.

RBK var seeda i trekninga. Dermed var sjansane for overkommeleg motstand på førehand gode.

Trønderane startar med bortekamp Mot Linfield, som var tilbake som seriemeistrar i den nord-irske ligaen sist sesong. Klubben gjekk òg til topps i 2016/17, men måtte førre sesong nøye seg med fjerdeplass.

RBK har møtt Linfield to gonger tidlegare. I 2010 vart det 2-0-siger samanlagt, og i 1986 vart det 2–1 samanlagt i serievinnarcupen.

Belfast-klubben Linfield har vunne i alt 53 nord-irske seriemeisterskap og 53 cupmeisterskap.

For eitt år sidan vart dei islandske seriemeistrane i Valur Reykjavik første hinder på vegen Mot meisterligaspel. Det vart ikkje enkelt. Duellen enda med 3-2-siger samanlagt til Rosenborg. Deretter vart det exit Mot Celtic.

Nettopp Celtic og Kristoffer Ajer var òg seeda i trekninga på tysdag. Den skotske storklubben møter bosniske FK Sarajevo i 1. kvalifiseringsrunde og har heimekamp først.

Rosenborg må gjennom fire kvalifiseringsrundar for å sikre plass i gruppespelet i Europas gjævaste klubbturnering. Skulle det bli exit i kvalifiseringa, ventar ein ny Europa-sjanse i kvalifiseringa til Europaligaen.

Kampane i meisterligakvalifiseringa blir spelt 9./10. og 16./17. juli.

(©NPK)