Thorstvedt senka gamleklubben med praktscoring, Viking knuste Stabæk

Kristian Thorstvedt vart ikkje satsa på i Stabæk. Torsdag sa han takk for sist og senka bærumsklubben med ei vanvitig scoring. Viking vann til slutt 3–0.
sport

Like etter pause, på helvolley frå åtte meter, klinka Thorstvedt ballen kontant i mål i eliteserieoppgjeret i Stavanger. Etterpå feira han med å dra hendene over øyra, som eit stikk til gamleklubben som valde å ikkje satse på han.

1999-modellen gjekk til Viking før sesongen i fjor. Etter ein god sesong i 1. divisjon var mange spente på om sonen til Erik Thorstvedt ville klare å ta nivået i Eliteserien. Og det har han så til dei grader gjort, med fire mål på åtte eliteseriekampar.

Vondt gjekk til verre for Stabæk torsdag då Tobias Børkeeiet fekk sitt andre gule tidleg i den andre omgangen. Han vart send i dusjen etter å ha rive ned Zlatko Tripic på veg framover.

Så vart det endå verre for gjestene då Tommy Høiland sette inn 2–0 frå kritmerket etter kvarteret av den andre omgangen.

Og som om ikkje det var nok, punkterte Zymer Bytyqi oppgjeret fem minutt seinare. Bytyqi kom åleine med Sandberg, og frå skrått hald banka han ballen i lengste hjørne.

Det var òg svært fortent at Thorsvedt fekk trampeklapp og ståande applaus då han vart tatt av etter 70 minutt.

Også etter scoringa til Bytyqi køyrde Viking showet på heimebane, sjølv om det vart med dei tre scoringane i den andre omgangen.

(©NPK)