Helse Førde går i gul beredskap

Helseføretaket Helse Førde går i gul beredskap på grunn av ein aukande pågang med koronapasientar til intensivavdelinga.
innenriks

Ved Førde sentralsjukehus er no fire pasientar innlagde med koronasjukdom, og to av dei er på intensivavdelinga, melder Helse Førde på nettsidene sine.

I tillegg til den aukande pågangen er òg sjukefråværet blant dei tilsette høgt, og føretaket skriv at dei har vanskar med å dekkje inn vaktar for sjukepleiarar.

Det er òg avgjort å ta ned talet på planlagde operasjonar. Helse Førde dekkjer tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

(©NPK)