Raudt ber regjeringa forlengje koronaordningar for permitterte

Mange vil få kutt i dagpengane og fleire tusen vil falle ut av ordninga fordi koronaordningane for permitterte ikkje blir forlengde etter nyttår. Raudt ber regjeringa forlengje.
innenriks

Ifølgje eit anslag frå Finansdepartementet vil 60.800 personar få eit kutt i dagpengane (frå 80 prosent opp til 3 G ned til 62,4 prosent), skriv NRK.

I tillegg vil omkring 41.000 personar i løpet av neste halvår falle heilt ut av dagpengeordninga fordi dei har gått ut sin maksperiode på dagpengar.

Raudts Mimir Kristjansson ber regjeringa forlengje maksgrensa for dagpengar fram til 1. juli.

– Det er håplaust at mange titusenvis av arbeidslause skal miste ytingar frå 1. januar, og at 40.000 kan falle ut av dagpengeordninga første halvår, seier han til kanalen.

I Hurdalsplattforma står det at krisetiltaka i samband med koronapandemien skal vare like lenge som krisa, og førast vidare eller blir fasa ut i dialog med partane i arbeidslivet.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier at situasjonen i arbeidslivet no er slik at det er rimeleg å seie at vi går tilbake til det som er normalt.

Han legg samtidig til at regjeringa er open for å vurdere ulike tiltak mot nærings- og arbeidsliv om situasjonen skulle forverre seg.

(©NPK)