581.000 nordmenn er ikkje fullvaksinerte

Koronavaksinasjonen her i landet har nesten stoppa opp, skriv Aftenposten. Nesten halvparten av dei som ikkje har teke vaksine, er fødde utanfor Noreg.
innenriks

Ifølgje Aftenposten er 581.000 vaksne nordmenn ikkje fullvaksinerte. I 295 av dei 356 kommunane i landet har ein ikkje nådd målet om å fullvaksinere 90 prosent av den vaksne befolkninga.

Avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet meiner det er naturleg at framgangen ikkje er like rask no, men strekar under at det går føre seg eit viktig arbeid i kommunane.

– Det blir lagt meir vekt på kampanjar mot lommer i befolkninga som har låg vaksinasjonsdekning, seier Vold.

Ifølgje Aftenposten er delen vaksinerte svært låg i fleire store innvandrargrupper, og 46,7 prosent av dei vaksne som ikkje er vaksinerte i Noreg, er fødde i utlandet.

For vaksne fødde i Noreg er delen vaksinerte 91 prosent, men han er 69,5 prosent blant utanlandskfødde vaksne.

(©NPK)