Planlegg nytt avhøyr av Kongsberg-sikta måndag

Det er ikkje gjennomført nye avhøyr av Kongsberg-sikta Espen Andersen Bråthen (38) sidan torsdag. Neste avhøyr blir planlagt måndag, opplyser politiet.
innenriks

Bråthen er sikta for å ha drepe fem menneske og skadd tre andre onsdag kveld førre veke. I tillegg blir det venta at siktinga blir utvida sidan han har skote mot ei rekkje andre med pil og boge.

Politiet sa på pressekonferansen på torsdag at dei meiner å ha god oversikt over hendingsgangen. Fokuset for avhøyra no er å kartleggje motivet og tankane bak handlingane, opplyser politiinspektør Per Thomas Omholt til NTB fredag.

– Neste avhøyr av sikta blir planlagd måndag. Det er ikkje gjort noko nytt avhøyr i dag, seier han.

– Førre avhøyr handla mest om dette med tankane bak handlingane, om motiv og om det har vore planlagt. Det er spørsmåla rundt det som også vil vere fokus framover no, seier Omholt.

Vitne melde seg

På pressekonferansen på torsdag gjekk politiet òg ut og etterlyste eit konkret vitne som skal ha opplevd at han vart skoten på med piler under angrepet på onsdag.

Personen skal ha vorte skoten mot frå inngangen til Coop-butikken i Kongsberg.

– Han melde seg ganske straks etter pressekonferansen, seier Omholt.

Politiet har snakka med rundt 200 personar i samband med saka. 90 av dei er formelt avhøyrt som vitne, og elleve er formelt avhøyrt som fornærma.

Blir vareteken av helsevesen

Sikta Bråthen er varetektsfengsla i fire veker, men blir framleis vareteken av helsevesenet.

Det er helsepersonell som har formidla til politiet at han no er i ein tilstand der han er eigna til å bli avhøyrd, opplyser Omholt.

Bråthen har erkjent dei faktiske forholda, men ikkje teke stilling til skuldspørsmålet. Det skal gjennomførast ei fullstendig judisiell observasjon av han for å avklare kor tilrekneleg han var.

Politiet vil på si side halde fram arbeidet med å finne ut meir om livshistoria for sikta og det som har skjedd i forkant av drapa.

– I tillegg skal vi halde fram med å analysere det materialet vi allereie har samla inn. Det er eit ganske omfattande materiale, seier Omholt.


(©NPK)