Krona viser musklar

Den norske krona styrkjer seg. Ved middag kosta ein euro 9,69 kroner, den lågaste prisen sidan juli 2019.
innenriks

– Det er ein kombinasjon av kraftig stigande oljepris og stadig reviderte opp renteutsikter. Det at Noregs Bank vil auke renta kjappare enn forventa. Det gjer at krona er på sitt sterkaste nivå mot euro sidan juli 2019, seier Olav Chen i Storebrand til NRK.

Sjeføkonom Nejra Macic i Prognosesenteret peikar òg på at den styrkte krona vil gjere det billigare for nordmenn å dra på ferie i Europa – og i USA.

– Også dollaren har falle mot krona i haust. Fredag klokka 12 kostar ein dollar 8,33 kroner, seier sjeføkonomen.

Chen trur at tradisjonelle sydenferiar i Europa kan vere billige framover, først og fremst fordi turistane frå USA og Asia ikkje har komme tilbake enno.

– Eg trur det er overkapasitet i sjølve turistnæringa, når det gjeld restaurantar og hotell, så der kan folk gjere kupp, seier han.

Men samtidig meiner han den auka inflasjonen Europa opplever om dagen, betyr at det ikkje blir så billig for nordmenn å dra på shoppingtur. Macic meiner på si side at netthandel blir billigare no.

Storebrand reknar med at krona skal styrke seg ytterlegare i 2022.

(©NPK)