Støre åtvarar mot peikefingrar i klimapolitikken

Ein betrevitande klimapolitikk kan føre til svekt oppslutning og større spenningar i samfunnet, fryktar statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
innenriks

I tiltredingstalen sin til Stortinget måndag la den nyslåtte statsministeren vekt på at klimatiltaka må vere rettferdige for å sikre brei folkeleg støtte.

– Klimapolitikken skal ikkje vere moraliserande, slo Støre fast.

Overfor NTB gir han uttrykk for at han fryktar konsekvensane av ei polarisering av klimadebatten.

– Det er nokre gonger ein tendens til at ein hevar peikefingeren og seier slik bør du leve, slik bør du ete, slik bør du komme deg frå A til B, seier han.

– Det kan bli oppfatta som moraliserande og betrevitande og kan svekkje oppslutninga om at her må vi gjere ein fellast innsats, og det er eg på vakt mot.

Nye klimaløfte

I talen gjentok Støre løftet om at regjeringa skal kutte utsleppa med 55 prosent innan 2030.

Han varsla òg at det skal innførast eit årleg forpliktande budsjett for klimagassutslepp. Dette skal vere ein del av det ordinære statsbudsjettet.

Eit anna viktig løfte er at CO2-avgifta skal aukast gradvis til rundt 2.000 kroner per tonn innan 2030.

Støre vedgår at det kjem til å koste.

– Desto viktigare er det at det må vere rettferdig. Og viss nokre grupper opplever at dei må ta ein uforholdsmessig del, så vil det oppstå spenningar i samfunnet som vi må vere på vakt mot, seier han.

Storreingjering

Ifølgje Støre er eit trygt arbeidsliv ein føresetnad for å få folk med på klimatiltaka. I tiltredingstalen varsla han ei storreingjering i arbeidslivet.

– Regjeringa vil kjempe mot sosial dumping og gjennomføre ei storreingjering i norsk arbeidsliv for å sikre faste, heile stillingar med norske lønns- og arbeidsvilkår, slo Støre fast i den høgtidelege talen.

Regjeringa vil mellom anna fjerne generell tilgang til mellombelse tilsetjingar, avgrense innleige, kjempe mot arbeidslivskriminalitet og stoppe frisleppet i taxinæringa.

Høgre saknar retning

Høgres Henrik Asheim skuldar Støre for å ha levert ei uklar regjeringsplattform.

– Dei skal få tid til å konkretisere dette. Men eg syns både plattforma vi fekk levert, og den talen vi no har høyrt, ber preg av at dei ikkje har ei tydeleg retning for kvar dei vil med landet, seier Asheim til NTB.

Han meiner regjeringserklæringa verkar meir som eit forlik mellom to parti enn som ei plattform med ein felles kurs.

– Eg saknar svar på dei største utfordringane vi har, seier Asheim.

– Og den største utfordringa er ikkje at vi har for få fylkeskommunar i Noreg. Det er at for mange unge droppar ut av skulen. Det er at helsekøane må ned.

Lysbakken bekymra

Også SV-leiar Audun Lysbakken etterlyser meir konkret politikk frå Støre, spesielt for å få ned dei økonomiske og sosiale forskjellane, og for å kutte klimautsleppa.

– Det er dei konkrete tinga som gjeld. Og det er det som er årsaka til mi bekymring når det gjeld både forskjellar og klima, at det ikkje er nok konkrete tiltak der til å få til det vendepunktet som trengst, seier Lysbakken til NTB.

Han meiner Hurdalsplattformen er for grå.

– Det er ikkje kraftfull nok politikk her til å få forskjellane ned eller no klimamåla.


(©NPK)