Nav-drapet: Ber om åtte nye veker i varetekt

Politiet vil be om åtte veker til i varetekt for mannen som er sikta for drap på ein Nav-tilsett i Bergen 20. september.
innenriks

Det opplyser politiadvokat Christine Møen Wisløff i Vest politidistrikt til VG.

– Han godtek vidare fengsling, men motset seg brev- og besøksforbod, seier siktas forsvarar, advokat Morten Grimstad, til VG.

Ifølgje Grimstad har den sikta framleis ikkje teke stilling til straffskuldspørsmålet.

Politiet har tidlegare sagt at dei vil ha ein prejudisiell observasjon av sikta. Det er ei undersøking som bidreg til å avgjere om den sikta er tilrekneleg eller ikkje.

Det er teke rundt 30 avhøyr i saka, ifølgje Wisløff.

– Saka er framleis under etterforsking. Vi har komme langt i etterforskinga, skriv ho i ein e-post til VG.

(©NPK)