Fotballtrenar tiltalt for overgrep mot gutar

Ein fotballtrenar er tiltalt for fysiske og nettbaserte overgrep mot åtte gutar. Mannen har heile tida nekta straffskuld.
innenriks

– Eg kan stadfeste at trenaren er tiltalt, seier statsadvokat Håvard Ryengen til NRK.

Mannen er tiltalt for å ha misbrukt stillinga si og for å ha gjort seg skuldig i seksuelle overgrep mot gutane han trena. 

Gutane var i alderen 14–16 år. Overgrepa skal ha gått føre seg over ein lengre periode, ifølgje tiltalen.

(©NPK)