NHO klare for festhelg viss regjeringa opnar landet

Utelivsbransjen kan opne på sekundet dersom regjeringa fjernar koronarestriksjonane fredag, seier NHOs reiselivsdirektør Kristin Krohn Devold.
innenriks

Regjeringa har bede kommunane vere førebudde på gjenopning av landet frå og med fredag.

Krohn Devold seier utelivsbransjen sit og trippar og er klare for rask omstilling viss meterkravet, innsleppsstoppen etter midnatt og bordserveringskravet blir fjerna.

– Det er mange operative ting som vil skje nokså omgåande. Restaurantane kan fikse innsleppsendringar og bordservering på sekundet. På konferansemarknaden er det mange som skulle avbestille konferansar når meteren er der, så her vil ein kunne ta imot bestillingar på sekundet, seier ho til VG.

Også festivalaktørane følgjer nøye med, skriv Aftenposten. Bylarm skal etter planen starte neste veke.

– Festivalen vår startar neste veke, så vi håpar på full gjenopning. Først og fremst ønskjer vi ein dato, slik at vi kan sleppe å planleggje for ulike scenario, seier dagleg leiar Mina Evenrud til avisa.

Karl-Henning Fahlstrøm Svendsen, som er dagleg leiar for ei rekkje utestader i Oslo, peikar på at det vil bli nokre utfordringar med bemanning dersom landet brått blir gjenopna fredag.

– Om regjeringa opnar opp allereie fredag, klarer vi ikkje å omstille oss til denne helga. Vi må få på plass tilsette og varer, seier han til same avis.

(©NPK)