Ayesha Wolasmal får Ingrid Aunes minnepris

Ingrid Aunes minnepris for 2021 er tildelt hjelpearbeidar Ayesha Wolasmal for innsatsen hennar i Afghanistan og konfliktområde.
innenriks

– Ayesha Wolasmals kombinasjon av det å vere til stades på bakken og ein klar og tydeleg politisk formidling av dei realitetane eit land i årelange konfliktar står i, gjer henne til ei viktig stemme i debatten om intervensjonar og fredsarbeid, seier styreleiar Marianne Marthinsen i Stiftinga Ingrid Aunes Minnefond til Klassekampen.

Sommaren 2019 døydde Ap-politikar Ingrid Aune i ei båtulykke, berre 33 år gammal. Aune var politisk rådgivar i både Forsvarsdepartementet og Utanriksdepartementet under den raudgrøne regjeringa og vart som 29-åring ordførar i Malvik kommune i Trøndelag i 2015.

Etter Aunes død oppretta venner ein minnepris for å føre vidare engasjementet hennar for nedrusting, fredsarbeid, likestilling og kvinners rettar i konflikt.

I fjor vart Ingrid Aunes Minnepris delt ut for første gong. Den gjekk til journalist Maren Sæbø for arbeidet hennar på konfliktområde og forskar Kjølv Egeland for forskingsarbeid på norsk nedrusting.

Prisen er på 20.000 kroner og blir overrekte på Aunes bursdag 19. oktober på Bruket kulturhus i Malvik i Trøndelag.


(©NPK)