Bø-ordførar trur ikkje raudgrøn regjering truar skatteprosjektet til kommunen

Ordførar Sture Pedersen (H) i Bø kommune trur ikkje den nye regjeringa kjem til å omgåande stikke kjeppar i hjula for skatteprosjektet.
innenriks

Aps Hadia Tajik har varsla full stans i den økonomiske nødhjelpa til Bø i Vesterålen dersom partiet får makta etter valet. SVs Kari Elisabeth Kaski har varsla at SV vil kutte overføringane omgåande dersom dei får moglegheita.

Bø i Nordland har redusert den kommunale formuesskatten frå 0,7 til 0,2 prosent. Det har ført til at fleire rike investorar, mellom anna Bjørn Dæhlie og Rikard Storvestre, har meldt flytting dit.

Organisasjonen til kommunesektoren, KS, har anslått at skattegrepet ville koste Bø 10 millionar kroner. Dette vart dekt inn gjennom førehandstilsegn frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Tilsegna er gitt for 2021 og 2022, og ordførar Pedersen trur dette vil bestå.

– Eg held meg til at vi har fått tilsegn for to år frå Kommunaldepartementet. Eg fryktar ikkje at dei tek tilbake det. Vi driv nybrotsarbeid her, så dei får gi oss litt tid, seier Pedersen til Dagens Næringsliv.

KS trur heller ikkje Bø-ordføraren treng å frykte at ei ny regjering vil velte heile inntektsutjamningsrunnlaget for kommunen med det første.

(©NPK)