Vegvesenet beklagar steinnedfallet i Trodaltunnelen

Statens vegvesen beklagar på det sterkaste steinnedfallet i Trodaltunnelen på E39 torsdag. Ein bil vart delvis knust av steinen.
innenriks

– Det viktigaste er at menneskeliv ikkje gjekk tapt, og det er vi glade for, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen Drift og vedlikehald vest.

Ein bil vart delvis knust av steinen som rasa ned frå tunneltaket i Masfjorden kommune i Vestland fylke. Ein annan bil punkterte som følgje av steinraset.

Vest politidistrikt fekk melding om ulykka klokka 14 torsdag. Bilføraren, ein mann i 40-åra, kom frå det utan skadar.

Tunnelane Matreberg og Trodal vart stengde for opprydding, men vart opna igjen utpå kvelden torsdag.

Siste inspeksjon av tunnelen var så seint som i juni/juli i sommar, og vart sluttført berre tre dagar før hendinga. Tunnelen har i tillegg gjennomgått ei oppgradering.

– Dette viser at geologi ikkje er ein eksakt vitskap. Fjell er eit materiale som er i rørsle, understrekar Finden.

Vegvesenet tek no ein gjennomgang av rutinane for å sjå om det er noko dei kunne gjort annleis.

(©NPK)