Kongsberg Automotive kutta underskotet og dobla inntektene

Kongsberg Automotive fekk inntekter på 296 millionar euro i andre kvartal, opp 92,6 prosent frå same kvartal i fjor. Global råvaremangel dempar resultatet.
innenriks

Berre i andre kvartal har den globale råvaremangelen kosta bildelprodusenten 20 millionar euro, som svarer til 208 millionar kroner.

Selskapet har kutta underskotet og kan vise til eit driftsresultatet på 5,1 millionar euro, opp frå minus 33,5 millionar euro i same periode i 2020.

Ved opning på Oslo Børs fall aksjen 9 prosent. Frå ein nyleg topp i januar har aksjen falle rundt 30 prosent, skriv E24.

(©NPK)