Vaksineleveransen til Oslo stansa dei neste tre vekene

Som følgje av vaksineoverskot, vil ikkje Oslo få ein einaste dose dei neste tre vekene. Samtidig påskundar dei dose to for enkelte innbyggjarar.
innenriks

Etter samråd med Folkehelseinstituttet (FHI) har kommunen allereie fått færre vaksinedosar dei siste vekene, opplyser smittevernoverlege Frode Hagen til Avisa Oslo.

FHI har bede kommunar med vaksineoverskot om å seie frå seg nye leveransar. Oslo har eit overskot på 900 dosar som alle går ut på dato neste veke.

Instituttet har derimot rådd kommunar mot å flytte dosar til andre kommunar, og Oslo kommune vil derfor påskunde dose to for enkeltinnbyggjarar.

(©NPK)