Rullestolbrukar overfallen og sparka i Larvik

Ein rullestolbrukar vart natt til torsdag overfallen og sparka i hovudet i Larvik.
innenriks

Ifølgje Søraust politidistrikt vart rullestolbrukaren overfallen av to ukjende personar og tildelt fleire spark i hovudet. Hendinga skjedde utandørs.

Personen som vart overfallen, vart først undersøkt av ambulansepersonale på staden og deretter køyrd til legevakta med skadar i ansiktet, opplyser politiet. Han skal ikkje ha alvorlege skadar.

Politiet søkjer etter gjerningspersonane, men har førebels ikkje lykkast med å finne dei.

Politiet fekk beskjed om valdshendinga på Tagtvedt i Larvik klokka 3.09 natt til torsdag.

Dersom nokon har observasjonar eller informasjon om forholdet, ønskjer politiet å bli kontakta på tlf. 02800.

(©NPK)