Ulikt syn på EUs klimaplan blant partia

Fleire politiske parti fryktar for framtida til norsk industri etter at EU lanserte ein ny og ambisiøs klimaplan onsdag.
innenriks

I klimapakken «Fit for 55» går EU-kommisjonen mellom anna inn for å forby sal av nye bensin- og dieselbilar frå 2035, og innføre klimatoll på ei rekkje varer som kjem frå land med lågare ambisjonar om utsleppskutt.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) uttalte til NTB onsdag morgon at Noreg bør slutte seg til Fit for 55-planen.

At denne planen vil ha store konsekvensar for norsk industri er opposisjonspartia frå SV til Framstegspartiet samde om. SVs Lars Haltbrekken peikar på at han vil bety store endringar for etterspurnaden etter norsk gass.

– EUs planar om auka satsing på energieffektivisering og fornybar energi vil redusere behova deira for fossil gass, seier Haltbrekken til NTB.

Han meiner framtidige gassutbyggingar kan bli eit tapsprosjekt for det norske fellesskapet.

Fryktar omfattande industridød

Også MDGs Lan Marie Berg meiner at Noreg får eit enormt behov for omstilling.

– Kommisjonen forslag viser at det er ein enorm avstand mellom Noreg og EU i klimapolitikken. Vi sakkar stadig meir akterut på grunn av oljelobbyen, og politikarar som er meir opptekne av å danse etter fossilinteressenes pipe enn å kutte utslepp, seier Berg.

Senterpartiet er særleg bekymra for den foreslåtte klimatollen, som dei meiner i verste fall kan føre til omfattande industridød.

– Moderne produksjon i Noreg med låge utslepp kan erstattast av meir forureinande produksjon utanlands. Det vil verken klimaet eller Noreg tene på, seier Sps Sigbjørn Gjelsvik.

NHO meiner CO2-kompensasjon kan bestå

Også Framstegspartiet er bekymra for konkurranseevna til norsk næringsliv, og ber regjeringa kjempe for kompensasjonsordningane for kraftkrevjande industri her i landet.

– Vi reddar ikkje verda med å innføre interne tiltak som medfører nedlegging av arbeidsplassar i Noreg eller i EU, seier Frps Terje Halleland.

Også Norsk Industri har åtvara mot klimatollen, og meiner han kan skape ei form for handelskrig.

NHO meiner likevel at ei av kompensasjonsordningane for norsk industri kan behaldast sjølv om Noreg blir omfatta av klimaplanen.

– Slik vi les forslaget vil indirekte utslepp frå CO2 førebels ikkje inngå i grunnlaget for ein karbontoll. Det betyr at dei førebels ikkje vil fase ut tilgangen til å ha ei kompensasjonsordning for CO2, seier ho til E24.

(©NPK)